Lindås bygdeboknemnd

Heim

Biletsamling

Rettleiing biletsøk

Anna arbeid

Kontakt

Velkomen til heimesida for Lindås bygdeboknemnd ! (Sidene er under arbeid, og no pr august 2017 gjenstår noko arbeid, men me er no i gang)

Nettstaden er oppretta først og fremst for å visa den flotte biletsamlinga vår, og gjera ho tilgjengeleg for alle. Dei som har kjøpt bygdebøkene, har sett ein del av samlinga, og fleire har vist interesse for å få tak i kopiar av bilete derifrå. Alle bileta våre, no om lag 2500 i talet, er lagde inn i ein database, og teksten som vart notert då bileta vart leverte, er knytte opp mot bileta. Enno har me ikkje etablert eit apparat til å ta hand om bestelling av kopiar, men det er meininga å få til eit slikt. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med oss

Bok1 Bok2

Den første boka, band 3* i gamle Lindås kommune, kom i oktober 2008. Der finn du gardane Spjeldnes, Hauge, Haugsmyr, Marås, Brunnsland, Træland, Nedre Skodvin, Revsdalen, Øvre Skodvin, Hetlehovda, Løtveit, Gaulen, Våge, Fjellsende, Lindnes, Vabu, Fjellanger, Haukås, Holmås, Fanebust, Kolås og Lindås Prestegard (Gnr 87 – 108)

(*Band 1 er Bygdebok for Myking sokn, og band 2 er for Lygra og Hundvin sokner)

Band 4 kom i 2009, og der kjem då Saltneset, Syslok, Skornes, Finnesbø, Sirset, Verås, Kårdalen, Lauvås, Rossnes, Tjukkhetla, Sundsbø, Tvibergneset, Knarrvika, Hellestveit, Risa, Keilegavlen, Keilo, Hope og Mongstad. (Gnr 109 – 127)

Bøkene er til sals hjå bokhandlarane, men du kan stø bygdeboknemnda ved å kjøpa direkte frå oss. Sjå kontaktlista. Molly Me i Lindås senter og Hundvin handel har og bøker for sal. Prisen ved direktesal er no 500 kroner pr. band.

Under arbeidet med å samla bilete til bøkene, såg me og at det enno er mange interessante bilete ute i heimane. Me er no i gang med ein ny innsamling av både eldre og nyare bilete (fram til om lag 1990). Desse vil bli skanna etter kvart og lagt inn i samlinga. Prosjektet har starta på gnr. 87 Spjeldnes og gnr 88 Marås og vil halda fram på aukande gnr. Dersom de har bilete/ samlingar de meiner det hastar med, ta gjerne kontakt med oss!

Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og forstår ein ikkje notida, eignar ein seg ikkje til å forme framtida (Simone Weil, sitert i bt. 19.03.17)