Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling Bilete pr.gnr Lydfiler Artiklar Anna arbeid Kontakt
Dikt av Ivar Kaardal      

Ny Mykingbok
Det er i gang arbeid for å gje ut ein ny, oppgradert og oppdatert versjon av Mykingboka som kom ut i 1981. Sveinung Toft, barnebarnet til bokskrivaren Martin Toft, er leiar i nemnda, som elles er samansett av Kjell Hauge, Irene Iversen, John Ragnar Myking, Lars Håkon Veland, Jarle Fanebust og Norvald Halland. Historikar og bygdebokforfattar Kenneth Bratland er engasjert som fagansvarleg, og John Ragnar Myking er i gang med å oppdatera gardssogene. Ein tenkjer seg to bøker, og Band 1 vil dekka Einestrand, Eikebotn og Kikal  frå Masjorden kommune, og Stranda, Åsgard og Hindenes, bygder som no tilhøyrer Osterfjorden sokn. Her er spørjeskjema for personopplysningar delte ut (nov.2025) Greier ein å skaffa nødvendig kapital, kan første bandet vera ferdig om eit par år, og band 2 om lag eit år seinare. Det er budsjettert med samla utlegg på 2, 3 mill kroner. Det er alt lagt ned mykje dugnad i prosjektet, men utan pengar vil arbeidet stoppa opp.

Stadnamninnsamling
Nemnda har ei gruppe som arbeider med stadnamn. Dei lærer m.a. korleis ein kan leggja stadnamna inn på kart, slik at alle kan finna dei! Irene Iversen har ansvar for gruppa, og Kåre Wiik, Arne Aven og Magne Bakke er gode hjelparar. Her kan fleire melda seg om dei har interesse. Sjå på Nordhordlandskart- Stadnamn/Lindås/Stadnamninnsamling så ser du kva som er gjort i ditt område. (du leitar litt i kartet)

Fotoinnsamling 
Har du gamle bilete, tek me gjerne imot. Skriv på alt du veit om biletet, namn på personar, fotograf, tid osb. Me kan skanna, også frå album. Nye bilete vil etter kvart koma på heimesida, og verta søkbare. Er du interessert i arbeid med foto og data, har me bruk for fleire medarbeidarar. Det er Jarle Fanebust og Lars Håkon Veland som har ansvar no.

Intervju
Levekåra på Strilelandet har endra seg svært mykje dei siste åra, og me ser at det hastar å få dokumentert også den nære fortida. Kåre Ness har sagt seg villig til å hjelpa til med intervjuarbeid, og reknar med å koma i gang over nyttår. Ta gjerne kontakt dersom de har framlegg om intervjuobjekt. Sjå liste over intervju me har til no.

Gamle møtebøker- arkiv 
Saknet av eit lokalhistorisk arkiv er stort. Saka har vore teke opp i ulike fora, men endå er ikkje høveleg lokale funne. Me har difor framleis ein del stoff, noko frå tida me samla opplysningar til bygdeboka, og noko av nyare dato. Fleire gonger har opplysningar herifrå vore brukt, t.d. om butikken på Leitet og i soga om BNR (frå Kolbjørn Fjellanger). Måleriet av Tubalkain som no heng i kyrkja, kom og fram att i slik samanhang.

Historiske dagar ved Langåna og i Kvalvågneset- kva no?
To gonger har bygdeboknamnda i lag med lokale krefter laga til historiske dagar, som me vågar seia var svært vellukka. Me har stoff og idear til fleire- men ynskjer oss gjerne innspel.

Medlemsverving
Dersom du- eller nokon du kjenner- kan tenkja seg å bli med på laget vårt, er me svært takksame. Fleire av veteranane har gitt seg, og me ser stadig nye oppgåver. Har du interesse for å ta vare på kulturarven vår, og er glad i ymse putlearbeid, vil du finna deg til rette i lag med oss, trur me. Prøv!