Lindås bygdeboknemnd

Biletsamling

Gardsnummer

Utanlandsinteresse

Anna arbeid

Kontakt

Der har vore interesse for bygdebøkene i utlandet.

Her frå USA. Laurie McKay ville gjerne tinga bøker. Dei vart sende avgarde og her er mottakaren avbilda med bøkene.

Bakgrunnen er denne: I midten av mars i 2019, kom det eit spørsmål til Bygdeboknemnda v/Gjertrud frå ei dame i Seattle, USA. Ho var på leit etter røtene sine på mor-sida. Ho hadde lokalisert dei til Lindås, og nemnde namn som Bruvoll, Hundvin og Ones, og meinte også at ho hadde høyrt Fiskeset nemnt av bestemora.

Så hadde ho også førenamn på ein del av dei personane som hadde kome over til USA, og ca årstal dei hadde utvandra.

Familienamnet ho oppgav var Landaas. I starten var me inne på tanken om det kunne vera feilskrift for Lindås, men det sette oss ikkje på noko spor. Så kom Gjertrud på å sjekka Alenfit II på Fiskeset, og der låg nøkkelen. Mikkel Johannesen Hundvin, gift med Kari Pedersdtr Grimstad budde først nokre år på Grimstad, før dei flytta til Fiskeset. Seinare flyttta dei til Landås, truleg ein husmannsplass under hovudgarden. Slik skikken den gong var, skifta etternamnet ettersom dei flytta frå gard til gard. 

Far til Mikkel var Johannes Olson Bruvoll, gift til Hundvin, mora til Mikkel var 3. kona til Johannes, Marta Mikkelsdtr. Ones. Dermed var dei brikkene på plass. Mikkel Johannesen (Hundvin - Grimstad - Fiskeset - Landås) var tippoldefar til denne dama frå Amerika. Oldefar var Peder J. Landaas.

Så nemnde ho at oldemora, Karen el Kari skulle vera frå Os. Me fann giftarmålet til oldeforeldra i 1871, og der var oldemor kalla Kari Olsdtr Lysekloster. Etter litt leiting i bygdebok for Os, fann me ut at ho var frå ein husmannsplass under Lysekloster som heitte Kalvetræ, og fann då foreldra hennar der.

Dama i Amerika vart fornøgd, og det enda med at ho kjøpte alle bygdebøkene for Lindås, inkl. Alenfit II

Laurie McKay